Archive for the ‘Målungdomen talar’ Category

HP Compaq nc6320

No vil eg ikkje meir. Eg vil ikkje høyra meir på suset frå vifta i mellomtårnet mitt. Eg skal kasta blyskjermen i ei bod og få plass til rader med bøker i staden. Det stasjonære monsteret har ikkje lenger ein funksjon. Når eg testar eit av dei meiningsløse PHP-programma mine, kan eg like godt gjere det på ein berbar. Hardplatene kan eg kle i USB® og Firewire®-kabinett, om eg må ha meir plass.

Så kva kan vel vera meir naturleg enn å ta det store hoppet inn dei fire-og-seksti bitane? Og kvifor la tvikjerna venta? Det skal no bli spanande å sjå om Intel 950 GM-kortet kjem på plass med eit klikk, og om Broadcoms trådlause kort er støtta i Centos 5. Gudane veit kor trådlaust det blir! Ndis-wrapper og frosne økter. Nei, det skal gå greitt på eit vis, med dunkle, halvt ulovlege fil-lagre i yum.

Det blir no fint å installera CentOS igjen, med ein Intel Tvi2Kjerne T5600, og eit par gigabytar med vilkårleg-tilgang-minne. Så må eg nok kunne tvistarta XP og CENTOS. Eg gler meg som eit lite barn. Eg kan nok ikkje spele dei råe spela med Intel 950 GM-kortet, men eg kan spela litt gode retrospel. Det er ein plan.