Ja, no har eg endeleg hatt Ubuntu 7.04 “Feisty Fawn” på maskina i ei veka, og det har ikkje vore noko mareritt. La meg no ein gong få seie det: Kan hende har eg vore for hard mot Mandriva, kan hende var det verkeleg berre meg. Eg taklar ikkje å setja opp Mandriva, for eg må klikka eit titals gonger for å gjera det mest elementære.

Ubuntu er ein ganske unik distribusjon. Han har ikkje vore lenge på marknaden, men har knyta til seg eit samfunn kor svara finst. Eg har ikkje ein einaste gong måtte spørja i eit forum. Google har servert meg svaret kvar gong.

Tvi2kjerna er der med ein gong.
Det trådlause nettverket (Intel PRO 3945ABG) kom opp utan vidare, med spake åtvaringar om proprietære drivarar.
Lydkortet (82801G) er der berre.
2 gigabytar med VTM (vilkårleg-tilgang-minne) var der, naturlegvis.

Så langt ser Ubuntu ut til å vera ein fryd, og alt går raskt. Litt stress var det å installera VMware server.

Leave a Reply